Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
FORSØK PÅ EIN KULTURPOLITISK OG ØKOFILOSOFISK INNRAMMING AV HOVUDTEMAER FOR USTAOSET FJELLHYTTESA

DEL IV

i. TILNÆRMINGA TIL OVERORDNA ORGAN OG DOKUMENT -
IKKJE NOKON HEILT EINFELT PROSESS?
Eg vil tru dette har ein klår reint ut sagt menneskjeleg kvalitet, som det har ein sers sakleg side det alt i alt kan synast vanskeleg å sameine. Me har - eller som mange - har alle hatt ei tid personleg, då me har vore noko oppgitte og forbanna over at me liksom ikkje veit kva for veg utviklinga på Ustaoset går. I alle høve har eg ofte vore plaga tå kjenslor og motstridande haldningar som kjenneteiknar ein veritabel ambivalens til `alt og alle` i hyttegrenda. I ordboka åt Universitetsforlaget stend det at `ambivalens` står for "det å inneholde to motsatte tendenser". - Det arter seg slik at den eine dagen er Ustaoset den beste plassen på jorda - den andre dagen ynskje du han dit pepparen gror...
Dette meir generelt til dei som noko lettvint trur at ein einfelt kan dela folk inn i konservativ-radikal, tradisjonalist eller revolusjonær, `hyttebaron` eller `kommunist`. At ein meir prinsippielt i `min bransje` kanskje kunne aksentuere at den kvinne eller mann som i denne jobben aldri vert heimsøkt tå ambivalens, vert ingen god planleggjar, sosiolog, kultur- og sosialantropolog eller kulturøkolog... --
Men også før hjå meg, hengde ambivalens noko saman med kven som i avgjerande mon eigentleg til dømes i lokalsamfunnet styrde heile prosessen. Det heile tykkjest noko for komplisert. --
Kvar skulle ein til dømes byrja, når ein ville reda ut tilhøve med diskursen innafor arealvernet, grunneigarstatusar, generasjonspåbyggjing tå hytter på Ustaoset og det "evige" spørsmålet om fortetting me pr. i dag er så langt i frå ei løysing på? Det gjekk fleire år i arbeid som kulturøkolog med research, intervju med private og offentleg tilsette, møte, seminar og kongressar - for ikkje å snakka om aktiv jobbing som skribent med "prop-agit"-arbeid for t.d. aviser eller anna skriving tå artiklar og rapportar - innan ein tok til å få tak i større heilskapar. Det var nær sagt innom sjølve `prosessen sett under eitt` at ein etter kvart makta å hala seg opp på eit noko anna nivå. -- --
Om ein generaliserer svært, gjeld dette vel meir ålment kampen mot motløyse og/eller eit høgare medvit. Sjølsagt noko overflødig her for den sers medvitne fagmannen, men me skriv ikkje berre for fagmenn. -- --
Det då å tilnærma jobba seg slik fram som fagmann, etter i livet å ha hatt eit heilt anna yrke - det tek, ikkje sant, si tid før ein fær resultat. Det tek mellom anna si tid innan ein kan tolka og få på plass tenkjinga som ligg attom overordna område med komplekse planar, reguleringsutkast og lovverk. - Ok, let oss no sjå litt på nokre tå dei impulsane me kan få frå tre heller sentrale dokument som siste året har kome og som `frå fjern og nær` vil få innverknad på tilhøva i `Ustaoset fjellhytteby`; lesaren har merka seg at eg medvite nyttar denne namnetilskipinga av di ein då kan presisera ei serskilt innretning på kva som skal synast i teksten. --
Det gjeld for det fyrste det eg no om dagen ofte kjem attende til nemleg " Fylkesplanen for Buskerud 2005- 2008"; dinest "Energiutredning i Hol kommune 2004" (skal reviderast i år), samt som den tridje det svært mykje meir overordna dokumentet frå miljødeptet, stortingsmeldinga "Naturmangfoldloven 2OO6" som skal erstatte `Miljøloven` med eit nytt lovframlegg, viss plan startar globalt og endar lokalt; dette av di Noreg har underteikna biomangfoldkonvensjonen. Dette kan då verta den raud-grøne regjeringas tilbod til Stortinget og det norske folket om å stå for ein utvida, betre og meir samansett miljøhaldning.
Eg meiner faktisk at i forhold til den ovafor nemnde motløysa kvar og ein kan oppleve og det komplekse regulerings- og planarbeidet som går føre seg i norske kommunar som t.d. Hol - kan i mange tilfelle innhaldet hjå desse overordna impulsane svara til innsatsen ved å lesa om iderøyndomen i desse saksområda. Dei kan med tida koma til å påverka rammene for nettopp regionalt- og lokalt arealvern. Det same for ulike grunneigar-statusar som er i rørsle. Og endeleg det at me ikkje på ein plass som f.eks. Ustaoset kan halda fram med hyttefortettingar, men krevja ti års pause så me fær områ oss i hyttebyggjinga og snarare aktivt gå inn for ynskjelege påbygg på noko eldre hytter; for der vil ofte den nye generasjonen inn og "taka rommet sitt." (`generasjonspåbygde hytter`)

Tilknytta den ovafor nemnde `konservativismen`, merker ein seg at det gjerne er her ein reell slik ein melder seg i form tå motvilje eller tregleik hjå kanskje litt eldre hyttefolk, kva veit eg: med det at fleire heng atte i førestellinga om kvifor ikkje dattera, sonen eller barnebarna kan få byggja på tomta åt mor/far eller andre; det kan eg forstå. Nokre tar konsekvensen tå dette og byggjer seg hytte i andre kommunar. Det overordna poenget her er at me har ikkje flust med tomter og areal i Vestre Hol til at ein slik utbyggjing eller `snikutbyggjing` berre i all framtid kan halda fram. Som eg og skreiv, er det helst "dei ordførande høge herrar" på Velmøtene som trur dei i det uendelege kan sitja `å dele ut` forslag på småtomter og fortettingar på Oset. Korkje vellet eller Hol kommune har teke konsekvensane av dette. Dette er ein haldningskamp som pågår overalt i det norske samfunnet; kanskje kan dette helst vera den mest (einaste?) høvelege karakteristikken hjå dei (skal me seie relativt få?) ein i det heile teke kunne taka som "Hyttebaronanes inntogsmarsj" med eit noko einsretta maktspråk? -- Men slike syn skiftar og kan skifta med nye generasjonar. Ein fær håpa på at eit skifte i haldning snart skal melde seg av di dette er so overlag sentralt. -- Eg er likevel `redd for` at me pr. haldning må få noko so nær som eit kulturelt og nasjonalt haldningsbrigde, beint fram "ei revolusjon", når det gjeld å bevare naturen her i riket; ein ny og betre stortingsmelding kan ikkje siterast ofte nok, men gjer knapt åleine nok til at ein i kommunar og fylke stoppar den norske arealplyndringa. Til det må det nok `ein annan lut` til som sers store og avgjerande økonomiske skifte i markedet. Men det er kan hende litt for einfelt å seie at dette er noko `som regulerer seg sjølve.` Det heile må styrast mykje meir enn no frå overordna organ og innanfor ein overordna politikk. Det kan ta tid.

J. HAR FRILUFTSLIVETS LANDSKAPSOPPLEVING OG FRITIDSBUSTAD-BRANSJEN GÅTT KVAR SIN VEG?
Me skal kan hende lenge utover i dette hundreåret halda fram med det utbyggjingsregimet av fritidsbustader, som fungerer øydeleggjande for det me har atte tå natur. Norsk næringsliv har i så måte mykje å gjera for tida, sier Aetat. -- --
Men i den siste tida har det jamvel frå økonomar og verksemdleiarar kome åtvaringar om at "toppen tå kransekaka" - den nye vrien med fritidsleilegheiter - kan vera ei sers uoversiktleg, overoppheta og sårbar verksemd av di me knapt kan vite når lågkonjunkturen kjem. Eg deler i fleire av mine artiklar dette synet, og registrerer at deler tå reiselivet ser med skepsis på at deira salsvare, naturen, forsvinn meir og meir. -- --
Ein kan ha sympati med Olaf Eidsæther her i debatten (8.03.06) med innlegget hans om at skal miljøet i Ustaoset (`fjellhytteby`) miljøriktig og kulturarkitektonisk formast vidare - må hyttene innom ei ny landskapsplan bera preg tå "stedtype - tradisjonell Hallingdal", noko han ikkje i overdrivi grad er i dag. Det er mykje som kan seiest om dette. Men medan eg og andre skil mellom hytteby - og - fjellby, går Eidsæther kan hende helst inn på temaet `fjellandsby.`
Eg meiner at dette er litt viktigare enn berre `ein strid om påvens skjegg.` Vegen til meg er ikkje heilt stengd med uttrykket `fjellandsby.` Det er berre det at då må ein ha heilt klåre premiss og heilt klåre forventningar til at den luten med nye (høg-)hus/leilegheitsappartement i det føreliggjande forslaget - ikkje med tida skal utvidast, oversymja og kvele den øvrige hyttebyen straks utanom og ovanfor. - - Kven kan for tida gje slike garantiar?! Det kan eg vanskeleg sjå ligg føre. Og difor har eg gått heller beint fram på språkforma ny `fjellby` av di eg ikkje har forventningar om og garantiar for at ein slik "landsby" ikkje skal ese ut - og - reelt om nokre år "fortjene" karakteristikken `fjellby.` Har Eidsæther nokre liknande motførestellingar, kanskje?
Eg har då ikkje berre til no førestelt meg eit rimeleg klårt skille mellom fjellby og fjellhytteby: - eg trur ein kan hende me på Oset skal forbli ein `unik fjellhytteby` og difor vil sikkert einskilde seie at J.J. er heilt ute på vidvanke. Gjerne det. - Og då spør ein meg - kva då med "resten"? Eg er ikkje 1oo% sikker på kva til dømes arkitekten Petter Neslein ville meine. Men eg tykkjer å ha notert at fleire folk på Ustaoset ynskje ein "bestemd, men moderat" utbyggjing konsentrert til det noko eldre `hotellet` og området nær kring `dei grøne kassene.`
Planane derimot i føreliggjande utkast til `fjellandsby` om ei veritabel auking i den urbane servicemassen - moderne, sers kostesame fritidsleilegheiter med heisar,butikkar o.a. urbane fasilitetar - veljar eg å tru og ha sett hjå mange førekjem dei heilt klårt som ein totalt forkasteleg og formasteleg tanke. - Det er på dette nivået eg vel ikkje å gå inn på ein tanke om å `flikka på arkitektonisk enkelheiter` som å koma med meir eller mindre reflekterte forslag om byggjemessige ansiktslyftingar. Me bør i alle høve først vite om me vil og skal ha ein fjellby på Ustaoset - eller ein fjellhytteby - noko må vera overordna og noko er underordna.
Som ein som gjerne skjeglar til naturvernet og at dei komande generasjonane i og utafor Ustaoset fjellhytteby som oss no skal få høve til å nyta og bruka naturen i deira landskapsoppleving - vil eg hevde at med eit høgare oppdrive medvite kan hende hjå hyttefolket enn i dag -kan og vil ein få ei betre oversikt og sjølhjulpen kontroll med tilhøvet i miljo grensene for hyttebyen og naturlandskapet. Eit slikt førebilete har me knapt i dag aksentuert og nedfelt i noko aktivt organ.
Etter desse fire skrivne delene opp til no 1o.mai -06, kunne eg seinare ut på våren tenkje meg å gå inn i diskursen for å sjå på nye innlegg, og truleg skrive noko meir om kor ein fylkesplan som vår for området Ustaoset fjellhytteby står reginalt, nasjonalt og internasjonalt. Eg takkar for oppmerksemda.

FÅVANG I RINGEBU 10.05.06;1400 J.J.