Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
FORSØK PÅ EIN KULTURPOLITISK OG TILNÆRMA ØKOFILOSOFISK INNRAMMING AV HOVUDTEMA FOR USTASOSETFJL

DEL III

G.EIN STAD LIGG FELLESSKAPETS VAL OG DEN EINSKILDES TRU PÅ `IDENTITET`: NOKO VI `ALLE` MÅ ARBEIDA MED?
Mange er dei filosofar, kunstnarar, produsentar, arkitektar, planleggjarar og etterkvart økopsykologar som har stilt spørsmål kva for - om nokon i det heile - ein `identitet` - det seinmoderne menneskje rår over. Dei naudsynlege krava til empatisk forståing for "fellesskapet og eg" - i utgangspunktet som skarpsindig byggeprosjektanalyse, har ein fagmann sett nøye på:
Det er `økorommet` i noverande Ustaoset fjellhytteby sett i forhold til utkastet til ny landsby, som arkitekten Petter Neslein fint har forma ut i sin seinaste kritikkutgåve. (3.05.06 " Ustaoset fjellandsby")
Bioteknologiske ingeniørar og fantastar har forlengst teki til å jobba fram ulike `implantat` ein opererer inn som eit substitutt eller surrogat i menneskjekroppen. - I ein utmerka opningskarakteristikk, kor arkitekten spør seg om initiativtakarane i det heile teke har teki til med dei rette temaa, tillet eg meg å sitere kva Neslein skriv: " Hvor er vi? Hva har vi rundt oss? En tomt, nesten uansett størrelse, er jo i realiteten en del av felleskapet - et fellesskap med de omkringliggende arealer. Og i et fellesskap orienterer man seg for hva man har lyst til å gjøre." - Dette kallar eg ein samfunnsmessig måte å agere og tenkje på.
Fagmannen Petter Neslein diagnostiserar på overtydande viset at det framlagde utkastet til modernistisk fjellandsby på Oset ikkje problematiserer kva for føringar og omsyn "tiltakshaver mener han bør ta hensyn til ved utarbeidelsen av sin plan." (side 1)
Av det eg pr.idag har fått i hendene rørande forslaget til urban fjellandsby, fær eg lik andre som deltek i debatten, nett kjensla av at i forhold til det unike med hyttebyen vår under Hallingskarvet - har me med ein framandlekam å gjera, eit slikt "implantat", der allehande, nei! nesten altfor mange spørsmål - melder seg på rekkje og rad.
Og - eg meiner me då er framme ved presis noko `sams og felles` i diskursen, nemleg at initiativtakarane ikkje har lytta - sett seg inn i og tilrekkeleg tatt omsyn til alle dei som dette rører ved. Eg trur min sann at ikkje mange på Oset vil vera usamde med arkitekten her om at (siste sitat): "De fleste vil vel kunne enes om at det er viktig å la Ustaoset få beholde sin egenart, selv om det også på Ustaoset er behov for utvikling. For at Ustaoset skal kunne beholde sitt særpreg er det derfor av avgjørende betydning at det første og sannsynligvis eneste store enkeltprosjektet på Ustaoset noen sinne viser respekt for stedets særpreg og tilpasser seg dette." Mellom anna kan heller ikkje kulturøkologen sitja stille å sjå på at trailarane dundrar igjennom sentrum og at me ikkje har betre trafikkhandsaming der.
Når det gjeld progresjonen i planarbeidet, har ein ikkje altfor stor tru på at kommuna ved THU vil opptre `objektivt`: - Ein ting er at `tiltakshaver Multiconsult` overfor kommuna har tilbudt gratis reguleringsplanarbeide. - Ei anna side ved dette (nett det Neslein ser på) er at andre blant oss engasjerte på Ustaoset med helst ei ganske anna identitetskjensle ovafor tradisjonen - ei heller annsleis forankring i hyttebyen - ser at det i miljo oss med linkar til andre, kan vera nokre som ynskje å stå føre eit anna planarbeid og ein tillitskapande reguleringsplan!
Eit anna eksempel: Det knyt seg til dømes sterk tvil hos einskilde i Ringebu i Gudbrandsdalen der eg bur mykje tå året - til at kommunestyret elles der har overlete alt planarbeidet og infrastrukturen på det moderne utbyggjingsprosjektet "Krystallen" til dei private entreprenørane - veg, kloakk og all tilbringing sovidt eg forstår.
- - Det er dei som undrar seg i Hol kor tette band det eigentleg skal vera i miljo kommune og utbyggjar. Mellom anna har fleire debattantar stelt spørsmål om ko slags handsaming me har hatt i frampromoteringa tå tomta Karivollen. Og enda har eg til no elles ikkje gått inn på habilitetsspørsmåla tilknytta utbyggjarane.
- Summa summarum vil eg i denne saka konkludere med at det kan gå riktig gale om ikkje spørsmålet om kva folk vil føretrekkje å identifisere seg med, vert skikkelig utreda og teke omsyn til.
Debatten den siste tida i `Hallingdølen` tyder på at kommuna ved THU i utbyggjingsaker også må jobba hardt med at folk skal ha tiltru til habiliteten åt folka i organa deira; om tilhøvet mellom utbyggjar og offentleg organ vert for tette, er det uheldig for tilliten og evna hjå folk i å greia ut interessene og den kulturelle-mentale biten som har med identiteten i høve til utbyggjinga å gjera.
- Eg er kulturøkologisk sers viljug til å taka i akt `det identitetsmessige` - av di det reiser prinsippielle og folkeleg politiske spørsmål om vi i det hele teke ein gong i det lokale Noreg skal nå noko mål for god kommunalisme...
Det har tidlegare i så måte ikkje gjort saka betre at Ustaoset Vels styre ikkje har sett det som si sak "å ordna ein identitet" eller å tydeleg markera kva haldningar ein vil ha i spørsmålet om ein areal- og fritidsbustadpolitikk, det er slett og rett ikkje godt nok.
- No er såvisst ikkje spørsmålet om `identitet` noko einfelt sujett. Kan hende, som Arne Næss skreiv, at om fleire hadde vorti einige om å heva presisjonsnivået sitt, hadde resultatet stått betre i høve til innsatsen. Nokre av oss las i sin tid hans " En del elementære logiske emner" frå 1957, då han om nokre feilkjelder ved presisering (s.53) noterte:
" Presiseringsforsøk strander oftest på manglende trening i å presisere. Målet ved presiseringen - å hindre misforståelser og å gjøre intensjonsdybden større - er det lett å bli enig om, men å nå målet i praksis er undertiden så vanskelig at hvis en ikke har trening, vil forsøk enten ta for lang tid eller resultere i presiseringsforslag som er dårlige. Selve presiseringsvirksomheten får da ofte skylden."
Kanskje har dei som har tenkt på det unike ved Ustaoset, som at identiteten deira til denne fjellstaden vår kan vera tufta på noko so nær so `ein ide` - kan vera ei sak, jamvel for mange ei hovudsak -me ikkje vil tapa eller forlate. Eg trur det helst er slik eg og andre med meg somtid tenkjer.

H. EIT GODT UTBYGD HYTTESAMFUNN - ELLER -
EIN NY `FJELLBY A LA CARTE`: ER DET EIT SPØRSMÅL OM
GODT ORGANISERT OPINION OG FOLKEMAKT?
Når ein og annan skriv at det ikkje går å vera for truskuldig, kan ein kanskje jamnføre dette presisjonsnivået, rett eller gale - med det å gå opp nokre nivåer i storsamfunn og stat.
Det har gått og går for seg ei varig strid i miljo kreftene i by og land om størsteparten tå folk vil forlate seg på eit dominerande high-tech styrd samfunn - og - dei, som heller ynskje å balansere ut tiltaket på å markedsføre einskilde store og relevante nykjelindustrier med langt meir av eit småskalastyrd landsregime. - Har den potensielle harmoniseringa i miljo desse `frontene` nokon innverknad på det me diskutere på Ustaoset? Jau, det har det, vil nokre seie; eg for min del er ikkje i tvil.
Eg er heller ikkje i tvil om at den unike statusen Ustaoset fjellhyttesamfunn har hatt til no, kan verta ein kamp opp til oss sjølve, `om oss sjølve` og etterkommarane våre om altså å styre vår eiga framtid.
Historikken i tomtefordelinga og organisasjonen er i grove drag symptomatisk for noko: `Proprietærar` som til dømes salige gamle stasjonsmester Mossige eller ein eller annan buandi Slettemoen, selde i for nær hundre år sida svære hyttetomter i hytt og vær - tomter som i dag ikkje " er realistiske" i storleiken. Dei gamle skylddelingane var så lite edruelege og presise, at ein overordna instans, kartkontoret hjå kommuna, 4o-50 år seinare måtte koma å ordne opp med tomtegrensene. No sit sakførarar, styrarar av verksemder og bankfolk som medlemmer av UV på vellets årsmøter og synsar at tomtene bør sjå so og so småe ut `for å ordna køen` for ny fortetting på Ustaoset! Kven kjøper denne policien?
Medan på den andre sida `dobbeltsfinxen` som mest fører ordet - kommuna og entreprenønane - formidabelt aukar makta si. Også folk utante måtte til for å få ustaosingane til å koma i gang med kloakkeringa.
Dette er altså det fleirtalet i fjellhyttebyen vår har sitti roleg og lenge og sett på som om ingenting skjer - eller -: " her er da alt i sin skjønneste orden!" - - På den andre sida kan framvoksteren av aksjonskomiteen tyde eit steg på rett veg. Kreftene "som ordnar opp" på Ustaoset, er sovidt sterke, at det ikkje er heilt av dage å seie at spørsmålet om ei meir sjølstendug organisasjon av og for ustaosingar, kan vera på gang - anten `oppover` eller mot `ei berkraftig avvikling.`
Om slike synspunkt einsidig tenar nokon på toppen eller ei, veit eg ikkje. Men om det ikkje rundt om meir eller mindre skal feste seg ei reell kjensle av at det som hende skjærtorsdag 2006, var "Hyttebaronenes påskeopprør", slik Harald Aggaard fra Geilo i HD feilaktig ga uttrykk for - bør hjelperådene og grunnlaget for aksjonskomiteen `for ei meir demokratisk Ustaosetutbyggjing` etter mitt skarve skjønn no flyttast eit hakk vidare.
Ikkje er det det at me `alle ` på Oset er `kapitalistar` - faktisk treff eg folk som når ein råkar på t.d. eldre kvinnelege hytteeigarar, er urolege for hyttas framtid av di kostnadene har vorti så store. (Men alt det der veit naturlegvis Aagaard som bur godt på avstand frå Ustaoset?) - Innan me konkluderer denne Del III - lyt eg seie, at me fær stå fram og ikkje gjera til skamme tilretteleggjinga tå behova våres for en ny og betre hytteby. Og ikkje leggja opp til, som arkitekt Neslein åtvara mot - å sjansa passivt på å taka i mot ein ny fjellby som i form av ei eller anna "A la Carte" ikkje vert mykje anna enn reelt eit `julenissesamfunn`.
(fortset. IV. -J.J. 9.O5.06)