Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
FORSØK PÅ EIN KULTURPOLITISK OG TILNÆRMA ØKOFILOSOFISK INNRAMMING AV HOVUDTEMAER FOR USTAOSET FJ

DEL II


C.NOKRE FLEIRE INNLEIINGSSPØRSMÅL
Kva som er god tale og klok framferd på Ustaoset, er ei vanskeleg sak som i nokon mon har med kva slag kulturliner ein vel og kva for ressursar `dei som kjem utanifrå` tek med seg inn i fjellhytteheimen. Veit dei eller tenkjar "dei utolmodige" over, som brått vil `urbanisere` at det unike Ustaoset fekk veksa fram i over hundre år? Veit dei at me er mange som ikkje ynskje å gjera Ustaoset om til ein `urban happening`, men behalde og utvikla han til ein enno betre plass å feriere på? Reflekterer dei som vil utvikla `byservicar` ofte nok over det at det nett er heilt andre behov enn landskapsoppleving som `urban menneskesentrertheit`som gjeld? Eller for ein augneblink å bruka eit medvite uttrykk som at det er den menneskeskapte `homosentrismen` (at menneskje kjem framom alt anna i natur/samfunn) - som har redusert den norske villmarka vår til no berre å utgjera 5% av kva han var for hundre år sida i 1905? Ein kan elles vona at striden om det nye Ustaoset ikkje berre vert ein generasjonstrid - sjøl om det nok vert eller alt er det og.
Eg har ikkje berre sett meg førre å nemna desse sosiale og samfunnsmessige premissa, men også bringa inn fleire andre føresetnader som kan bidra til å gje den einskilde eit breiare val å verdsetje etter no når ein skal prova å finna fram framtida for fjellheimen vår. Mellom anna vil eg tru at kampen om Ustaoset vert noko tå dette: Ein ganske gedigen strid om det mestesteparten er `marknaden`/ næringslivet - eller - også den vise, samfunnsmedvitne politikken og økologien som skal råde grunnen hjå oss. Slik det har vorte i resten av kongeriket og slik dette i praksis vil halda fram langt utetter i dette hundreåret. Men me må på stutt tid taka standpunkt til dette no og som snarast få linene klåre.

D.DEI NYE FRITIDSBUSTADENE: EIN `REGULERT` NEDBYGGJING AV NATUREN VÅR
Dinest lyt ein spørja: - Kva slag ressurs- og energipolitikk skal nasjonalt og lokalt leggjast til grunn til dømes på Ustaoset som for den svære nasjonale fritidshusparken i landet - gammal eller ny? Til dei som verkeleg ikkje trur heilt på at det foregår ei suksessiv `regulert naturplyndring`, lyt vera så snille å sjå på kva som ligg på borda åt byggjeentreprenørane og kommunane av planar for titusenar av nye hytter og fritidsleilegheiter rundt om i fylke etter fylke. - So, når me no talar om ein gigantisk ny spreiing og `populasjon av fritidshus` i Noreg etter millenium - pakka inn i målretta språk som `flotte panoramahytter i nye "destinasjonar" - må me attåt dette spørja konkret: - kvar skal ein taka den (nye) energien frå, som skal varma opp heile denne bustadparken? Dersom energibruken skal overlatast til `utviklinga` og dimed `marknaden` åleine, er det ikkje sikkert at ropa etter fornybar energi "kjem tå seg sjøl som flytande på ei fjøl."
No nei, det er nok ikkje berre snakk om mekanisk å taka frå samkøyringa. - Det vart i alle høve klårt på eit seminar med Statnett og naturvernarar i vinter på Thorbjørnrud hotell på Jevnaker. Nokre hevdar at norsk ressursfilosofi er eit forsømd ommråde, og myndigheitin pratar helst om store målsettingar for alternativ energi - oppvarming med mikrokraftverk, biomasse og kan hende og norsk gass. Me kjem attende til energien: at me fortrinnsvis ikkje har ein kraftkrise, men ein oppvarmingskrise, vert ein sers sentral side tå diskursen om fritidsbustadene.
Men skal tru om ikkje Øystein Dahle i friluftsorganisasjonane sitt fellesforbund (FRIFO) har eit overordna poeng, når han tek opp dei øydslege og øydeleggjande kapitalplasseringane i ein heil rad spesifikke fritidseigedomar her og der. Me lyt difor for å bremsa opp denne utviklinga, so snart som mogeleg få på plass heilt andre reguleringar enn den einsretta tilpassinga til næringslivet som `Plan- og bygningslova` har pr. i dag. Som departementet har sagt dei jobba med. Til no har dette i praksis og i vårt tilfelle i Hol tydd at fylkesmannen i Buskerud-Drammen ikkje har hatt makt til å forbyda naturfiendsleg hyttebyggjing so ofte han kanskje vilja ha gjort - til dømes på einskilde plassar i kommuna vår.
For naturvernet er det alltids mogeleg å koma tilbake til 1905-naturen i kritikken av overflodsamfunnet - og - spørja om stat og storsamfunn eigentleg kjem i posisjon til å setja inn vidtrekkjande nok åtgjerder for å venda på naturkampen. Det veit ingen i dag. -- Stor prinsippiell tyngd hadde filosofen Arne Næss, når han utfordra oss i å meine og gjera noko økologisk avgjerande med samfunnet vårt.

E.DET ER MYKJE FALSK GRUNN-ØKOLOGI I SAMFUNNET, SA NÆSS
Når det gjeld opp til fleire i denne nettsidedebatten i den grad det då er ein debatt til no - at det er vanskeleg å rå med innlegg som `flikkar noko på verkeligheita` utan å taka tilrekkeleg omsyn til overordna problemstellingar. Det høyrast kan hende ikkje bra ut å skulda andre for lettvint resonnement. Men faktum er at det også er eit resultat blant mykje i diskursen at ordlyden let for tilfeldig, for `grunnøkologisk` i motsetnad til `djupøkologisk`, slik Arne Næss ville ha ordlagt seg. - Eg vil gå vidare og skulda fleirfaldige politikarar, administrasjonar og kommersielle verksemder for eit ofte i botn og grunn nett grunnøkologisk ordskifte og planleggjing, der sers mykje er avleiing og tåkeprat. På den andre sida er det her filosofen har gjeve oss eit instrument - noko av det viktigaste i arven meiner eg etter Næss som no er 94 år.
Ein og annan som interesserer seg for å koma vidare med dette hjå Næss, kan gå på biblioteket og skaffa seg intervjuboka frå 1992 med amerikanaren David Rothenberg som den som spør (Grøndahl og Dreyer) " Gjør det vondt å tenke?" - Og eg meiner vel at vert det ikkje då eit litt anna spørsmål om filosofen, klatraren og naturmannen Arne Næss med dypøkologien eller økosofien hans - makta mykje meir enn å taka til med nokre sers viktige grunnomgrep?
Fagmannen og språklogikaren Næss har då gjeve granskarar som mellom anna kulturøkologane noko å tenkje på, som når ein skal taka seg i vare for å svara på alt som kjem på livets veg. Det krevst trening i alle fag på `å dra opp dei større linene` for å få fram eit godt resultat og auke respekten for seg sjøl og arbeidet sitt. - Eg meiner Næss ein gong i den nemnde boka sa at det finns mykje kunnskap i verda, men mindre med visdom.
- I alle høve gjeld desse temaa som ei bakgrunn for og tilretteleggjinga av det folkeleg - demokratiske styret. Eg vil kanskje tru at filosofen på Tvergastein under Skarvet i mange høve har sett `ned til oss ` med sine opne, forunderlege augo, kor det spegla seg eit spørsmål om kva me eigentleg har halda på med, eller?


F.ER FORSLAGET OM EI LOKAL FOLKERØYSTING BERRE EIT SLAG I LUFTA?
Eg har knapt høyrt nokon nemne dette: kva om til dømes hytteeigarane i regi av Ustaoset Vel eller ein annan instans la opp til ein lokal røysting over dei to hovudspora for det framtidige Ustaoset fjellhyttesamfunn? Ei avrøysting som samstundes verka som ein meiningsmåling for om folk i tida som kjem vil halda fram med å ha hyttebyen på størsteparten `tradisjonell grunn` eller om ein ville røysta for ein heilt ny `fjellby`? Ville ikkje folk få meir tillit til ein konkret røysting og verdsetjing? Enn at ein kommersiell utanbygds verksemd, kan hende i verste fall med hjelpen frå Hol kommune - stakk av garde `med heile kaka`? Jau, me ser dette i debatten. Kva er det som er so demokratisk med ei slik `løysing?`, har folk spurd seg. - Ikkje ein gong med eit stetta krav om oppjustering i form av ein ny reguleringsrunde for Ustaoset tettstad kunne me vera heilt sikre på " å bli tatt i betraktning." Politikarar som sit svært godt til høgre eller som sit lenge, er ofte glade i å byggja ut, veit me - det har me røynsle for i heile det norske samfunnet og slik er det. Eg vil difor tilråde at grunnlaget for aksjonskomiteen vert flytta vidare, slik at folkemeininga av det lokale slaget kan markerast tydelegare enn til no. Me kan rekna med at kommunen må taka omsyn til kva me meine. Om Vellets tidlegare og heller passive `kommuneline` leggjast til grunn, kan me kan hende rekna med at Hol planlegg eit resultat over hovudet på oss. Stunden er komen, då Ustaoset fjellhyttesamfunn må ruste seg til organisasjon på eit høgare nivå. Det vil også UV i lengda tene på.
Men i denne saka må me ikkje stikka under ein stol at me og har med `generasjonsinteresser` å gjera. Eg vil på sett og vis langt på veg sameina interessene eg kunne ha med dei åt dei einskilde yngre; som i tilfellet med debattanten Vibeke Bassøe i hennar innlegg frå 19.april. Eg har som andre opp igjennom åra ønskja meg ein eller to andre plassar å dansa på enn berre på `hotellet`. Men det er ikkje for meg foreineleg med eller det same som å konstruere eit storfelt behov for ein heil fjellby, Bassøe! I tida eg var fastbuande, hadde me i 1994 til ca. 1996 eit slag nattklubb i kjellarkroa, og det saknar ein som i dag er tilhengjar tå moderne dans og jazz, osb. - Men tyder det at me, når me liksom skal ned i sentrum på kveldstid - skal gå, sykla eller stå på ski ned i eit sentrum a la eit miljø som borte i " Heisedal", årsak - som liksom likt eller som `eit anneks til` Hemsedal?! Eg trur faktisk ikkje det, me fær sjå.
Eg er meir heimfallen til å tru at eit visst medvite fleirtall tå hyttefolket vårt ynskjar seg ein etter måten roleg og `overkommeleg` hyttegrend. Då lyt me kan hende snarare enn å gjera `alt` til eit generasjonstema, slett og rett spyrja folk kva dei meine? - Etterkvart vil eg no gå inn på andre overordna problemstellingar - avgjerder som har vorte tekne på andre nivå enn hjå oss lokalt.
(fortset. i III.- J.J. 8.05.06)