Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
SER ME EIN ORGANISATORISK FAMLING HJÅ HYTTEFOLKET PÅ USTAOSET ?

Eg lyt faktisk tillate meg å føre ordet igjen av di no tek nett dei tinga til å skje som eg ha frykta og som eg tidlegare har åtvara mot. Mogelegvis er eg berre ein mann med måteleg intelligens sånn kanskje litt under middels, men likevel. - Ikkje berre har eg etterlyst debatt, ikkje berre har eg kunna føreseie eller føreslå at frå stadiet med aksjonskomite/500 underskrifter - lyt hyttefolket trappa opp, etablere og snarest mogeleg konsolidere eit høgare organisasjonsnivå. Har me gjort det? Nei, ikkje det eg kan sjå.


- Om Vellet (UV) eller aksjonskomiteen kom med nye forslag, hadde vore ein ting. Men hyttefolket lyt i alle høve finna fram eit breit aksjons- og identitetsnivå kor alle kan vera med og jobba fram `sin og alles identitet` til forsvar og uvikling av eit konstruktivt fjellhyttesamfunn. Eg kan slettes ikkje sjå at dette skjer no. Av di truleg altfor mange ikkje skjøna det maktspelet som går førre seg, og at ein difor let utviklinga renna ut tå hendene på ein...
Kanskje lyt me berre seie det som det er: av di me er so passive på Ustaoset, korriger meg om eg tek feil - `marsjerer` no `fienden` opp i stellingane sine: ikkje berre kommuna `glefsar` etter oss og gjer uttrykk for at me er nokre utakknemlege "krek". Alle som ikkje forstår at det er heilt `fantastisk` å byggja ned naturen i 12 mil lange Hol - er `nokre krek.`

Ikkje berre overlet hyttesamskipnaden vår/ Vellet - scenarioet og initiativet elles til ein kjend politikar- og finansmagnat på Vestlandet; - jamvel ikkje Hallingdølen har noko positivt å melde i avisa si anna enn indirekte at hyttefolket ikkje organiserer seg til motstand - til noko som helst. Dette er for dårleg, folkens!!

På eit vis har Joachim Berner rett. Kan hende burde styret i UV stelle plassane sine til disposisjon. Kvifor har styret heile vinteren/våren sitti passivt og lati andre føre ordet? Kvifor svarar ikkje Vel-formannen meg i ope brev? Kvifor Vel-styret ikkje bidrar i debatten, er vel helst av di dei ikkje tykkjer det "er deira bord." Men der tek dei i høve til god organisasjon grunnleggjande feil når det gjeld morgondagens krav til eit fjellhyttesamfunn. Ustaoset Vel let det eine initiativet etter det andre gå ut tå hendene sine. Det er av di denna selskapsklubben truleg er totalt ute av stand til å driva ein kollektiv lokaldemokratisk kulturpolicy for eit fjellhyttesamfunn. Lyt me ikkje snart innsjå det? Lyt me ikkje snart innsjå at det å samla inn nokre `små pengar` til `juridisk bistand` ikkje er det same som å driva fram ei brei organisering hjå og for eit fjellsamfunn?! -

Om so femti eller nitti hytteigarar er for dette med noko organisasjon, kva er det mot at det eksisterer nærare 1000 hytter (!)på Ustaoset? Me har pr. idag ikkje annan organisasjon enn nokre underskrifter og eit Vel - og i spurnaden om ei vid organisasjon "ikkje fem-flate-ører".

Jau, eg er ganske irritert og sint på hyttefoket no, men eg ska ta dei orda i meg den dagen eit breit initiativ steller opp. - No er all makta samla over hovudene på oss og utetter! Det baronen frå Vestlandets hovudstad i prinsippet gjer er å angripe organisasjonsretten vår. Han kan diverre få meir vatn på mølla av di det ikkje skjer noko på grassrota. Pr. idag kan eg vanskeleg sjå me har nokon som helst verksam grasrot. Det er difor me antakeleg vert heilt utspela snart. Og det vil me altso?

Heile "diskursen" i Hallingdølen no om dagen går på eit forsøk på å konsolidere fordomen om at kan hende so mange so 1500 hytteeigarar på Oset representerer noko dei kalla "fiffen". Vanlege folk blant hytteeigarane eksisterer ikkje for dei som vil slenge drit om oss; eg hadde vona at journalistane i HD hadde synt at dei visste betre (!) - Når HD`s folk ikkje har nokon autoritativ hytteleiing på Ustaoset å gå til, går dei til Teknisk Etat; er det slik me vil ha det?! - Eg har skrivi til redaksjonen at dei skal gå til Namtvedt av di han er formannen. Og ingen annan er det pr. idag.
Men på den andre sida tyr det sjølsagt elles likefullt at no må hyttefolket organisere seg og det faderleg fort!

Re: SER ME EIN ORGANISATORISK FAMLING HJÅ HYTTEFOLKET PÅ USTAOSET ?

Bare som en liten kommentar: Om nå Hallingdølen tar kontakt med formannen og Velet, hvilket svar skal han gi? Mange vil vel gjerne at han skal fortelle om hyttefolkets motstand, men vi er også en god del medlemmer som er for utbygningsplanene. Og vi forventer at Velet også representerer oss.
At Velet ikke har sagt mer i saken enn sitt innspill til kommunen har, så vidt jeg vet, to årsaker. Den første er at dette er den rette måten å gjøre det på, om man skal følge de regler som er gitt for byggeprosesser. Selv om enkelte mener at kommunen har tatt for lett på saken har det ikke foregått noe ureglementert fra utbyggers eller kommunens side som jeg har kunnet avdekke. Dernest velger Velet å forholde seg i ro fordi medlemmene er delt. Om de utaler seg i den ene eller andre retning må de ta forbehold om at de også skal støtte motsatt part.

Jeg vet at enkelte krefter jobber for å bytte ut styret, med begrunnelsen at de ikke gjør jobben sin. Et av forslagene var bl.a å erstatte dagens formann med Caspersen. Hvordan valget av en av de mest aktive motstanderene av utbyggingen forsvares når man beskylder Namtvedt for å ta parti vet jeg ikke, men jeg kan si såpass som at min utmeldelse fra Ustaoset Vel ville ligget i posten i samme øyeblikk.

Til sist vil jeg igjen oppfordre til å se mer enn bare en sak i denne sammenhengen. Ustaoset Vel har mange oppgaver, og mange av dem er mer passende for en velforening en denne. Hvis vi skal velge styre og formenn hver gang en ny sak kommer opp vil foreningen miste både funksjon og evne.