Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
OPPROP TIL VELFORMANNEN OM URAVSTEMMING SOMMEREN 2006

Kjære formann Namtvedt


Den her gongen vil eg taka opp uravstemminga og UV`s miljøhaldningsløyse. -- --
Som du og styret ditt har sett frå debatten, tek det til å verta tilrekkeleg mange som av pedagogiske, medlemsmessige og lokalpolitiske årsaker ynskjer uravstemming `enkelt og liketil` for eller i mot den nye fjellbyen på Ustaoset. I tillegg til dette, har einskilde stilt spørsmålet om nokre styremedlem kjenner seg inhabile, noko eg pr. idag ikkje kjenner til.

Nett i saka om uravstemming, uttalar eg meg denne gongen ikkje som fagmann, men ein tå mange hytteeigarar. Spørsmålet om UV`styre etter folks meining har vore haldningslause i den lokalpolitiske miljø-og fjellbysaka, skulle eg tru kunne venta til uravstemminga vert halde i sommar. Då kan styremedlemma betre gjera opp si eiga stilling. M.a.o. er det absolutt i denne saka ikkje nok at styret no berre kjem med oppfatnings si tå saka - til det er denne saka mykje viktigare enn det Ole Johan Vindegg gjer utrykk for...

-- -- Eg har tidlegare skrive her på netstaden at UV-styret ikkje har hatt nokon miljøprofil. Og eg tykkjer det ville vera noko merkeleg om ikkje Ustaoset Vel, "samla til møte" - ikkje hadde uttrykt ei klår meining i sentrumssaka. Som eit eksempel på `miljø`, kan ein nemna at det å sleppa igjennom eit slikt storfelt byggjeprosjekt som Nye Ustaoset Fjellby i det heile teke ikkje let seg gjera før ny riksveg 7 straks utanom Ustaoset sentrum er på plass, og det vil kunne taka tid. Det kan ikkje overhodet koma på tale å sleppa fram eit enormt byggeprosjekt (og det lytkommuna merkje seg!) utan at spørsmålet om omleggjinga av Ustasoet Stasjon/NSB - og - den nye riksvegen (eventuelt lagt opp på det gamle skinesporet til NSB "eller ei") - vert løyst først.
--- --- Som einskilde debattantar peiker på, vil fjellbyen slik tilhøva framstår idag trafikkalt utgjera eit totalt håplaust problem for alle grupper. -
--- ---Om nokon då spør meg om kva eg meiner - på bakgrunn av spørsmålet om UV i tilstrekkeleg og tilforlateleg grad har teki opp den totale trafikkavviklinga innkludert parkeringsproblema i sentrum - då vil eg svara at UVstyret har gjort ein heller tilfeldig jobb. Og i spørsmålet om hytte-fortetting, har UVstyret heller ikkje framstått med ein sers nyansert miljøprofil: ein kunne ha peika langt klårare og betre på føremonene og ulempene (som verdisenking på tomtene) ved det å halda fram med tomtesal og fortetting - slik Hol kommune driv og `regulerer Ustaoset meir eller mindre i senk` no om dagen!( Ti års pause, takk!)!

--- --- I staden har UV-styret berre dansa passivt etter kommuna si pipe, og det eksemplifiserer eg som `haldningsløyse.`
Då står med atte med spørsmålet om ikkje Vellet " eller tilsvarande instans" bør innbyde hyttefolket med relasjon til hytteeige til ein uravstemming den her sommaren. - Saka om me skal få ei handsaming av sentrumorganisasjonen berre som byggjesak - eller - revidert reguleringsplan for Ustaoset sentrum av 2006, vert etter det administrasjonen opplyser i dag- handsamma i Teknisk Hovudutval (THU) 14.juni- 06, og saka vert lagt ut på netet ca. ei uke før. - Eg meiner difor at Vellet no på forsommaren bør leggja sterkt vinn på å skaffa fram eit oversiktleg `program` om kva folk bør ha i vente - og - derigjennom i god tid gjera det mogeleg for den einskilde å førebu seg - mellom anna på ei uravstemming til dømes tilknytta førreståande årsmøte.
Hilsen Jo Jacobsen -
på Oset sida krigens dagar