Debattforum Vindegg.no
Start a New Topic 
Author
Comment
OPE BREV TIL HOL KOMMUNESTYRE mai 2006

`EIN KRITISK MERKNAD TIL OG BAKGRUNN FOR REVISJONEN AV "FORSKRIFT OM UTSLIPP AV AVLØPSVANN FRA BOLIGER OG FRITIDSBOLIGER, HOL KOMMUNE, BUSKERUD, AV 26.09.02" SETT I LYS AV TREKK I DEN NYE FORUREININGSLOVA AV 1.01.07.`

Vyrde ordførar!

Intro
Den kommunale utleggjinga av utslepp og tilkopling i ovanemnde forskrifter forutsettast her å følge dei eldre, snart utgåtte reguleringane sentralt-og- lokalt for Hol. Eg vil nemne nokre døme i forskriftene for 2002,som når det gjeld det å lesa ein tekst,korkje held språkleg eller økologisk god standard.
Det gjeld pkt. 1: Eit prinsippielt økologisk forhold
Det gjeld pkt. 2: dei som har fungerande utsleppsordning ("utslepps-økologisk deplacement") frå tida før 1972. -- Denne gjennomgangen går inn på at nokon med ansvar, lyt gå nærmare inn på det økologiske nivået norsk forsking ligg på i dag, og der er vi i verdsklasse.

Ad pkt. 1:
Ein forskriftstekst lyt økologisk avspeila og konkretiserer skildnaden på avlaupsvatn og `avlaupsvatn.` Krava til kva som skal knyttast til kommuna sine anlegg som t.d. i reinsedistrikta på Ustaoset, kjem noko skeivt ut. `Her` vert det argumentert ut frå dei som `har og vil halda fram med å ha innlagt vatn` -
a) Vatn som er ført innadørs via leidning og i alle høve berre vert ført ut att som `gråvatn/såpe` til eit kupert terreng (i alle høve ikkje som `svartvatn`/kloakk!) - er i ei slik vidspreidd hytteby som på Ustaoset, fordelt på særs ulike tider av året difor snarare greie utslepp og ikkje skadelege: gråvatn til grus,jordsmonn og fjell med fall, filtrerer og stimulerer vekstlivet med ein viss algevokster som ikkje er toksinerande eller fårleg.
Dette slo forskar ved NIVA, Oslo - biokjemikar Håvard Håvind fast for meg 19.mai/06.
b) Avlaupsvatn ein kallar "svartvatn"/kloakk, kan i store årskonsentrasjonar vera forureinande om dei renn ut frå septikktank eller rett ut i naturen frå hytta til grunnvatnet; her gjer kommuna rett i å taka fram forslag til økologiske løysingar. Men: I miljo løysingane utanom vatnklosett/wc som held mål i dag, er `forbrenningstoaletta` me i Noreg har produsert i nær 50 år - i særklasse beste alternativet av di dei som gassnøytrale toalett tilknytta straumnetet, ikkje gjer toksinerande utslepp, men berre åske. - Biotoaletta (med unnatak av `Snurredassen`) gjer ikkje gode nok resultat. Då står me att som tenelege "WC med utslepp", "forbrenningstoalett utan utslepp" og `gammaldassen`.
c) Dei som satsar på innlagt vatn/gråvatn ut - og "som samtidig har forbrenningstoalett som ikkje gjer utslepp" - har i følge NIVA eit fullt ut forsvarleg alternativ qua økologisk løysing - like godt eller betre enn dei wc-utsleppa som no går til tilslutning; hytteeigarar som har forbrenningstoalett skal då etter god juss ikkje verta avkravd tilslutning. Men Hol kommune er ikkje språkleg klåre. Vatnklosett kan særskilt i låglandet vera eit godt alternativ i kloakkeringa, men i Noreg og internasjonalt har me svært få røynsler med kloakkering heilt oppe i høgfjellet, og dette `kan` gå gale på Ustaoset "på tusenmetern."
d) Dei som vil argumentera mot den eldre forureiningslova og vedtaket åt Hol frå 2002, er noko seint ute, og kan ha vanskar med å sleppa fram i samfunnsmessige kanalar. - Økologisk ser det ut til at dei gjeldande forskriftene til Hol om avlaup ikkje held seg til vitskapleg standard og/eller fungerer slik at folk kan forstå dei. - Det gjeld i høg grad og kva forskriftene seier eller `ikkje seier` om dei avlaupa i hyttene under pkt.2:
Ad pkt. 2:
Det stend knapt i noko språkleg nyansert forskriftstekst nokon staden, kva som gjeld i Hol for avlaupsvatn hjå hyttene `med oppvask- og dusjvatn til sandfilter-kum` frå før 1972, og elles har biotoalett.
I staden sleg Holforskriftene i par. 1b om seg med usikkerheit,- for så har me ikkje ein kontrakt likevel? Sitat: Eiere av eksisterende anlegg kan pålegges å søke på nytt dersom utslippet ble etablert før 15.mai 1972 (før forskrift trådte i kraft)" Sitat slutt.-Slikt noko går ikkje an, og er det same som å halda desse hytteeigarane for narr!! Eg trur me lyt merka oss at fleire av desse avlaupseigarane kjenn seg forulempa og urolege over å ha fått eit så uklårt og upresist dokument qua `kontrakt` med Hol kommune.
Dette rimar heller ikkje med at fylkesplanleggjinga til Buskerud (s.10) legg vekt på at fylkesplanleggjinga er ein samarbeidsarena eller sitat: " Fylkesplanen er et felles dokument, en form for intensjonsavtale." - Eg vonar difor at leiarane med ansvar i Hol kommune for framtida på dei ulike plannivåa legg meir vinn på samarbeid med grunn- og hytteeigarane enn det med er vitne til i dag. - Eigargruppa under pkt. 2 vil ikkje finna seg i at Hol kommune ikkje fylgjer Buskerudnormen om intensjonsavtalar/samarbeid eller ikkje rettar seg etter kva NIVA har gjeve oss av retningsliner i god kloakkering. - Noko må vera underordna og noko lyt vera overordna!
Summa summarum kan då dette seiast:
Kommuneforskriftene for utslepp t.d. i reinsedistrikta på Ustaoset `kan` med å leggja hyttebyen i røyr - ha funne `eit brukbart alternativ` blant fleire like bra. Eg har "frå dag ein" på Ustaoset sida millenium framheva i Vellet og i samfunnsdebatten/ pressa elles - hevda at det finnast/fanst i minsto eitt godt alternativ til røyrleggjing for wc, så dette er ikkje etterpåklokskap! Ei løysing med forbrenningstoalett som kostar hyttefolket under ein femdel av det som trongst for å tvinga folk til tilknytning. (Då forutset me at Teknisk Etat o.a.forstår at gråvatn ikkje fungerar toksikologisk i spreidde konsentrasjonar over heile året!)
Men ein forstår også at kommuna og andre skal tene pengar. Mykje tå resultatet av dette `arbeidet` har noko smålåtent vorte diskutert på debatt-netstaden på Ustaoset som ein vandalisering av naturarealet. No lyt med krevja at Hol kommune tek det overhøgde ansvaret med at `dei svarte jordgatene` i hyttebyen vert tilsådde og beplanta innan St. Hans - 1.juli/2006. Det ser ikkje ut der oppe, og det kan i verste fall se slik ut år etter år om ikkje noko kjapt vert gjort!
WC-tilslutninga til reinsesystemet synast ikkje altfor økologisk fundert. Snarare kan det i så måte vera eit høve til å karakterisere det Hol kommune vedtok for fire år sida som ein heller `grunn økologi` eller beint fram ein `grunnøkologi`. I motsetnad til det folk til vanleg opplev som standardar for god kloakkering.
Eg som andre tykkjer elles at kommuna sjølve lyt gå førre, når det gjeld det dei i forskriftene lanserer som `dokumentasjonskrav` åt andre om kva som er god økologi! - Og eg er alt i alt noko overraska over at debatten om rolla åt Hol kommune i areal- og naturpolitikken deira er så liten og smålåten som den tykkjast. Vonar eg tek i mist; men eg tek knapt feil når det gjeld for politikarane i kommuna, når ein snakkar om eit `de` og eit`vi`. Skal me på lang sikt halda fram med å måtte sjå at Hol kommune ser burt frå `intensjonsavtalene` i fylkesplanen? Skal me se burt frå at politikarane ikkje deltek i nokon debatt? Skal me i Buskerud ha ein felles visjon, eit handlingsgprogram og ein strategi for korleis ein omforeint kan jobba fram ein framtidsretta naturarealplan? - Betre enn den me har hatt pr. idag og so god at me kan ha ein nøgd reiselivs- og byggjebransje som også fornøgde folk i - og - frå dei fleste himmelretningane?

Fåvang i Ringebu 21.mai/2006. Med helsing
Jo Jacobsen